Stiftelsen Hamar Montessoriskole

Stiftelsen Hamar Montessoriskole
Da Hamar Montessoriskole ble grunnlagt i 2001 ble det vedtatt at skolen skulle være en stiftelse. Stiftelsen eksisterer ennå formelt, selv om ansvaret for skolen ligger hos skolestyret.
 
Skolestyret
Skolestyret er skolens øverste ansvarlige organ. Det er ikke lov til å tjene penger på å drive grunnskole i Norge. Styret skal påse at skolen drives etter de regler som gjelder for private grunnskoler og etter de vedtekter skolen selv har satt opp. Det er skolestyret som ansetter skolens personale. Ansettelser kan delegeres til skolestyrets leder.
 
Skolestyret har følgende sammensetning:
Rein Austdal (styreleder)
Sjur Skjævesland (nestleder)
Magnus Holmern (rektor)
Marius Kjønsberg (FAU)
Ann Kristin Torp (repr. øvrig ansatte)
Grete A. Lervik (lærerrepr.)
Liv Hoel (repr.øvrige ansatte)

Hamar Montessoriskoles skolestyre er sammensatt ut i fra Lov om private skoler (privatskoleloven) der det står:
 
§ 5-1. Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter. Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:
a) ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
b) ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
c) ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
d) ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
e) ein representant for andre tilsette ved skolen,
f) dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.
 
§ 5-2. Styret sine oppgåver
Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Styret skal:
a) sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn,
b) fastsetje storleiken på skolepengane,
c) vedta budsjett og rekneskap for skolen,
d) fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
e) fremje saker om flytting etter § 3-3 første ledd og bortvising etter § 3-10 andre ledd,
f) ha ansvar for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning,
g) sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode,
h) sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte.
i) sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
j) tilsetje dagleg leiar.
Styret skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i gjeldande lover og forskrifter, og føresetnadene for godkjenninga blir oppfylte. Styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 7-2 tredje ledd.
I andre saker enn dei som følgjer av andre og tredje ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.
Hamar Montessoriskole | Granvegen 6, 2322 RIDABU  | Tlf.: 62552633 | post@hamar-montessoriskole.no